Fristar og bestilling

 

Bestillingsfrist for varer som skal bli levert innan 1. juni 2023 er 15. februar 2023.

 

Den 15. november 2022 blir Senterpartiets nye valkampmateriell for 2023 lansert. Desse er i all hovudsak bestillingsvarer.

For å kome godt i gang med valkampen har me satt oss mål om at alt av valkampmateriell skal vere ute hos lokal- og fylkeslaga innan 1. juni 2023. For at dette skal skje er det satt ei bestillingsfrist 15. februar 2023.

Når fristen går ut 15. februar blir nettbutikken stengt ned ei lita stund. Bestillingane blir då talt opp, og dei varene som har fått mange nok bestillingar blir satt i produksjon.

Når butikken opnar opp att i månadsskiftet februar/mars vil det berre vere lagervarer i nettbutikken. Det betyr at om ein vare då blir utseld, så kan du ikkje rekne med å få tak i den att før valkampen er over.

 

Gjeldande leveringsreglar mellom 15. november og 15. februar er:

·         Alle ordre som inneheld bestillingsvarer vil bli levert samla innan 1. juni.

·         Ordre som berre inneheld lagervarer vil bli levert så fort som mogleg etter at ordren er lagt inn.

 

Kva er skilnaden på lagervarer og bestillingsvarer?

I ein nettbutikk er det vanleg å skilje mellom lagervarer og bestillingsvarer. Det førstnemnte er varer som allereie ligg på eit lager, og er klart til å bli sendt ut. Her er det oftast eit bestemt tal varer, og når lageret er tomt er det ikkje meir.

Bestillingsvarer er varer som enno ikkje er satt i produksjon, men der dei kanskje ventar på eit visst antal bestillingar før produksjonen blir satt i gang. Desse varene har difor mykje lenger leveringstid. Til gjengjeld vil du så og sei kunne bestille så mykje du berre vil, for det er ikkje noko lager som kan gå tomt. Alle bestillingsvarer er godt merka i butikken med «juni 2023». [sett inn høgre-stilt bilete av ein vare som er merka som bestillingsvare]

I Senterpartiets nettbutikken er alt du finn under Lagersalg i tillegg til bøker og einskilde andre produkt lagervarer.